
Kvifor studere eigedom? Møt Martin og Tuva frå NMBU
I denne bonusepisoden av Eiendom og juss blir vi betre kjent med to av framtidas fagfolk innan eigedom og jordskifte. Martin Skaar og Tuva Kulvik går siste året på master i eigedom ved NMBU på Ås. Denne veka er dei på feltkurs i Etne, der dei får bruke kunnskapen frå studiet i praksis ved å undersøkje avslutta jordskiftesaker. Kva er eigentleg eigedomsfag? Kvifor valde dei dette studiet? Kva har dei lært av å møte partar og undersøkje jordskiftesaker i praksis? Og kva ser dei for seg å jobbe med når studiet er ferdig? Vi får òg høyre meir om studentlivet på Ås, moglegheitene innan eigedomsfaget – og kvifor jordskifteretten er ein spennande arbeidsplass. Ein uformell og lærerik prat med to engasjerte studentar som snart skal ut i arbeidslivet.






